Hopp til hovedinnhold

Foreldremøte Vg2 måndag 27. januar 2025

Bilete av skulebygget til Amalie Skram videregående skole.

Amalie Skram vgs inviterer alle føresette til elevar på Vg2 studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram til foreldremøte måndag 27. januar 2025. Det blir sendt ut lenke med påmelding.

Vi startar med eit fellesmøte i Hans Tank/ Lille Auditorium om fagval til Vg2. Etter endt fellesmøte vil det bli møte med kontaktlærar i klasserom, og deretter blir det høve til å snakke med den enkelte faglærar i kantina om eleven sine fag dette skuleåret.

Plan for kvelden:

Oppmøte kl. 17:00 
- Studiespesialiserande: Fellesmøte v/ Inga Heggstad i Hans Tank 2. etasje.
- Yrkesfag: Fellesmøte v/Linda Therese Myklebust i Lille Auditorium 4. etasje 

Kl. 17:45
-  Møte kontaktlærar i klasserom

Kl.18:20 - 21:00
-  Møte med eleven sine faglærarar i kantina (påmelding)