Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Kvifor velje påbygg?

Dette er vegen til høgare utdanning! Påbygging er for deg som har lyst og er motivert til å ta fatt igjen på dei teoretiske faga.

Før du startar på vg3 påbygging til generell studiekompetanse må du ha fullført eit av desse tre alternativa:

  • vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram
  • vg1 studieførebuande og vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram
  • yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev

Kva er påbygg?

Påbygg er eit ettårig tilbod til elevar som har yrkesfagleg vidaregåande skule. På Amalie skram har vi ein klasse med 30 elevar på Påbygging til generell studiekompetanse.

Målet er å oppnå generell studiekompetanse for å kvalifisere seg til vidare studium på universitet og høgskolar. 

Forutan norsk, historie, matematikk, naturfag og kroppsøving, så vel du eitt programfag frå enten realfag eller språk, samfunnsfag og økonomiske fag. Sjå kva for programfag du kan velje blant faga til høgre.

Føresetnader for å søke opptak er:

  • Fullført og bestått Vg1 og Vg2 frå eit yrkesfagleg utdanningsprogram, 
    eller 
  • Oppnådd yrkeskompetanse, med eller utan fag- og svennebrev.  
aA_6553034_01.jpg
Les meir om faget på vilbli.no Søk skuleplass

Fagval

Elevane på påbygg skal i tillegg til dei ordinære faga ha minst eitt programfag på 140 årstimar. Dei kan då velje mellom ei rekke ulike programfag frå utdanningsprogram for studiespesialisering.

Skuleåret 2022-2023 kan dei velje mellom følgande fag hos oss: 

  • Biologi 1
  • Biologi 2 
  • Fysikk 1
  • Informasjonsteknologi 1
  • Informasjonsteknologi 2
  • Kjemi 1
  • Kjemi 2 (bygger på Kjemi 1)
  • Geofag 2
  • Matematikk R1 (bygger på 1T)
  • Matematikk R2 (bygger på R1)
  • Matematikk S2 (bygger på S1)
  • Teknologi og forskningslære 1
  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1
  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2
  • Historie og filosofi 1
  • Historie og filosofi 2 (bygger på HiFi1)
  • Japansk I
  • Psykologi 1
  • Psykologi 2
  • Markedsføring og ledelse 1
  • Rettslære 1
  • Rettslære 2
  • Spansk III
  • Sosiologi og sosialantropologi
  • Økonomistyring

    Har du spørsmål?

    Ta kontakt

    Torild Natvik

    Avdelingsleiar Vg3
    Bilde av avdelingsleiar, Torild Natvik