Hopp til hovedinnhold

Miljøfyrtårn

Banner SOME 18 - vi er sertifisert.jpg

Som Miljøfyrtårn-sertifisert skule er vi stolte av vårt engasjement for miljøet.

 
Gjennom sertifiseringa set vi konkrete mål for å redusere vår påverknad av miljøet, og vi arbeider kontinuerleg med tiltak for å bli meir berekraftige. Dette inneber mellom anna fokus på energibruk, avfallshandtering, innkjøp og rutinar for arbeid som fremjer eit grønt og ansvarleg skulemiljø.
 
Sertifiseringa er ei stadfesting på at vi tek ansvar for framtidas miljøutfordringar, og den gir oss eit verktøy for å involvere både elevar og tilsette i arbeidet med berekraft. Vi er dedikert til å gjere skulen vår til eit eksempel på miljøbevisstheit og ein meir berekraftig kvardag.
 
Når ein skule eller anna verksemd blir Miljøfyrtårn-sertifisert, betyr det at dei har forplikta seg til å redusere sin påverknad av miljøet og jobbe for kontinuerlege forbetringar. Sertifiseringa er ei anerkjenning av at verksemda har implementert effektive miljøtiltak og har eit dokumentert system for å redusere klima- og miljøpåverknad.
 
Sertifiseringa frå Miljøfyrtårn blir følgt opp gjennom regelmessige kontrollar og rapportering. Årleg må verksemda rapportere om sitt miljøarbeid, og kvart tredje år gjennomgår den ei re-sertifisering for å sikre at krava framleis er oppfylt. Miljøfyrtårn krev kontinuerleg forbetring, slik at verksemda alltid jobbar med å redusere miljøpåverknaden. Dette inneber også at alle tiltak skal bli dokumentert og vurderast for å sikre at måla nås.
 
Amalie Skram Vgs rapporterte til Miljøfyrtårn første heile kalenderår i 2016, og har deretter årleg rapportert kvart år.
Første gong skulen blei sertifisert som Miljøfyrtårn, var 21.06.2018. 
20.12.2021 blei skulen resertifisert for 3 nye år og dagens sertifikat endar 20.12.2024. 
Vi fekk ny resertifisering onsdag 18.12.2024 for 3 nye år.
 
Les meir om sertifiseringsordninga her: https://www.miljofyrtarn.no/