Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Elever på studiespesialisering

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor velje Amalie Skram videregående skole?

Amalie Skram videregående er den største studiespesialiserande skulen i Hordaland.  Vi har 9 parallellar med over 800 elevar, og kan tilby dei aller fleste fag og kombinasjonar på studiespesialiserande programområde. Dette gir ein unik fridom til å velje akkurat dei programfaga du har lyst på!

Utdanning på høgare nivå (universitet og høgskular) krev at du må ha generell studiekompetanse for å komme inn. Ein del utdanningar krev spesiell studiekompetanse.

Som elev på studiespesialiserande utdanningsprogram kan du få både generell og spesiell studiekompetanse hos oss. Ta kontakt med skulen om du har spørsmål knytt til dette. 

Første året på studiespesialiserende

Når inntaket er klart vil du få sms frå skulen om bland anna å kunna ta eit ekstra fag på *vg1. Faga toppidrett, breiddeidrett, teknologi og *forskningslære er fag vi tilbyr i tillegg til dei obligatoriske *vg1 faga.

Når du begynner på Vg1 kan du mellom anna velje å ta toppidrett svømming/stupingtoppidrett fotball eller breddeidrett.

Liker du realfag kan du velja teknologi og *forskningslære som eit ekstra fag på vg1. Har du tatt 1T i 10. klasse så kan du fortsetja med R1 hos oss på vg1. Dette faget går samtidig som 1T og 1P på timeplanen. 

Vi tilbyr også toppidrett i andre idrettar etter avtale med skuleleiinga.

Liker du reafag kan du velge teknologi og forskningslære som et ekstra fag på vg1. 

Har du tatt 1T i 10. klasse så kan du fortsette med R1 hos oss på vg1. Dette faget går samtidig som 1T og 1P.

Vg1

Det første året på studiespesialiserande jobbar vi med å få gode rutinar på skulegangen. I tillegg legg vi stor vekt på å skape eit godt klassemiljø. Det er en kontaktlærarar i kvar klasse, og elevar og lærarar reiser på tur til Strandebarm for å bli kjent i starten av skuleåret.

På Vg1 må du velje mellom matematikk 1P og 1T. Du må også velje språk. Det språket du vel på Vg1, må du også ha på Vg2.

For elevar som held fram med det same språket dei hadde på ungdomsskulen, tilbyr vi: 

  • Fransk II, 1. år
  • Kinesisk II, 1. år
  • Spansk II, 1. år
  • Tysk II, 1. år 

For elevar som ønskjer å byte framandspråk frå ungdomsskulen, tilbyr vi:

  • Kinesisk I, 1. år
  • Tysk I, 1. år

Har du ikkje hatt framandspråk på ungdomsskulen, må du ha framandspråk også på Vg3 i staden for eit av programfaga dine. Du kan velje mellom:

  • Kinesisk I+II
  • Tysk I+II

På slutten av skuleåret blir 20% av elevane på Vg1 trekt ut til skriftleg eller munnleg eksamen.

Har du spørsmål?

Ta kontakt

Hilde Marie Vaage

Avdelingsleiar Vg1
TESTTTT Hilde Marie.jpg

Andre året på studiespesialiserende

I Vg2 studiespesialiserande har du relativt få timar med fellesfag. Du skal velje programfag innanfor programområde realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi.

I tillegg til matematikk 2P, matematikk S1 eller matematikk R1, treng du tre programfag. To av dei programfaga du har på Vg2 innanfor det samme programområde, skal du fortsette med i Vg3.

Eksempel på blokkskjemaet for Vg2 for å sjå kva for fag vi tilbyr i dei ulike blokkene. Du må velje eitt fag frå kvar blokk frå blokk 1, 2, 3, og 4. Det er ikkje sannsynleg at alle gruppene vil bli sett i gang, men vi vil tilby dei aller fleste.

Nokre elevar vel å ta Vg2 som utvekslingselev i utlandet. Det er viktig at du avklarar med rådgivar eller avdelingsleiar kva for reglar som gjeld for godkjenning av fag du tar i utlandet.

På slutten av skuleåret blir alle elevar i Vg2 trekte ut til ein skriftleg eller ein munnleg eksamen.

På Vg1 må du velje eit framandspråk i tillegg til engelsk. Det språket du vel på Vg1, må du også ha på Vg2. Sjå under Første året for oversikt over kva språk vi tilbyr.

Har du ikkje hatt framandspråk på ungdomskulen må du ha framandspråk på Vg3 også

Har du sprøsmål?

Ta kontakt

Tove Heradstveit

Avdelingsleiar Vg2
Bilde av avdelingsleiar, Tove Heradstveit

Tredje året på studiespesialiserende

I Vg3 skal du fordjupe deg i to programfag innanfor det same programområdet: Realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. 

Du skal også velje eit tredje programfag, som kan vere frå andre programområde. Sjå kva for programfag du kan velje mellom i eksempelet frå blokkskjemaet for Vg3. Du skal velje eitt fag frå kvar blokk frå blokk 3, 4, og 5. Elevar ved VG3 påbygg skal i utgangspunktet velje eitt fag blant faga under: 

  • Biologi 1
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1
  • Matematikk R1
  • Matematikk R2
  • Teknologi og forskningslære 1
  • Informasjonsteknologi 2
  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1
  • Historie og filosofi 1
  • Italiensk 1
  • Japansk 1
  • Markedsføring og ledelse 1
  • Psykologi 1
  • Rettslære 1
  • Rettslære 2
  • Samfunnsøkonomi 1
  • Sosiologi og sosialantropologi
  • Økonomistyring
  • Samfunnsøkonomi 1

Viss du ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen, må du ha språk også i Vg3. Då har du berre dei to programfaga som gir fordjuping. 

På slutten av skuleåret kjem alle elevar opp til eksamen i norsk hovudmål. I tillegg blir dei trekte ut i to skriftlege og ein munnleg eksamen.

Har du spørsmål?

Ta kontakt

Helge Bohne

Avdelingsleiar Vg3
Bilde av avdelingsleiar, Helge Bohne