Hopp til hovedinnhold

Sal, service og reiseliv

Gymsalen med elever

Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velja sal, service og reiseliv?

Viss du vel sal, service og reiseliv, bør du vera interessert i å arbeida medmenneske. Du må vera open for ulike kulturar og tradisjonar, og helst ein type person som har lett for å snakka med folk. Du må vera løsningsorientert og serviceinnstilt, og kunne behalda roa i utfordrande situasjonar. Forvent å bruka pulten som kontorarbeidsplass, å bli ein dyktig digital person, og at det ligg mykje yrkesteori og ventar.

Du lærer du?

  • økonomisk og berekraftig drift
  • om marknadsføring, entreprenørskap og innovasjon
  • administrasjon og digitale verktøy
  • om reiseliv og turisme
  • kundebehandling og salg
  • planlegging og gjennomføring av tryggingstiltak
  • service og kommunikasjon
  • etikk, kundekontakt og gjestebehandling
  • etablering av verksemder

Vg1

Elevane har praksis i bedrift ein dag i veka.

På våren i Vg1 bestemmer du deg for kva programområde du vil søkja deg vidare på i Vg2.

Du kan velja mellom

sal og reiseliv
service og tryggleik

Vg2 Salg og reiseliv

Handlar om å utvikla kommersiell forståing gjennom forretningsdrift, marknadsføring, samarbeid og innovasjon. Du vil læra om å utforska arbeidsformer, teknologi og særtrekk frå reiselivs- og handelsnæringa. Faget skal bidra til å skapa gode reiselivs- og serviceopplevingar for ulike målgrupper. Du må kunna kartlegga kunden din/gjest og utvikla/tilby eit heilskapleg reiselivsprodukt tilpassa ønske og behov. Målet er å skapa arbeidsplassar som kan bidra til berekraftig utvikling og verdiskaping lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

  • Du vil ha programfagene
  • Næring (forretningsdrift) og utvikling
  • Markedsføring og innovasjon
  • Kultur og kommunikasjon

Yrkesfaglig fordypning blir gjennomført ved at du har praksis i bedrift med 9 t/u på vg2. Etter vg2 gjenstå 2 år som læring før du går opp til fagprøven og får fagbrev i salgsfaget eller reiselivsfaget.

Vg2 Service, trygging og administrasjon

Service, trygging og administrasjon handlar om å yta og tilpassa service til ulike målgrupper. Du må kunna koordinera og administrera driftsoppgåver og førebygga og redusera uønskte hendingar og kriminelle handlingar. Du vil læra om korleis gi administrasjonstrygd i verksemder. Gjennom faga skal du utvikla evner i kommunikasjon og relasjonar, HR og HMS.

Du vil ha programfagene

  • Yrkesutøvelse og etik
  • kultur og kommunikasjon mellom menneske og i forhold til yrkesetikk og bedriftskultur
  • Administrasjon, service og tjenesteyting

Yrkesfaglig fordypning blir gjennomført ved at du har praksis i bedrift med 9 t/u på vg2. Etter vg2 gjenstå 2 år som læring før du går opp til fagprøven og får fagbrev i sikkerhetsfaget eller administrasjonskoordinator faget.

Tredje år

Med utdanningsprogrammet Salg, service og reiseliv kan du etter to år på skule gå vidare med enten to år opplæring i bedrift som gir deg fagbrev, eller eit tredje år med påbygging som gir studiekompetanse.

Har du spørsmål?

Ta kontakt

 

Linda Therese Myklebust

Avdelingsleiar Yrkesfag Vg1 og Vg2
Bilde av avdelingsleder Linda Therese Myklebust

Vegen vidare

Etter fullført utdanningsprogram vil du oppnå yrkeskompetanse og kunne ta eit fagbrev.

Vidare utdanning: Med fagbrev kan du ta høgare yrkesfaglig utdanning (Y-veien eller fagskule). Du kan òg ta Vg3 *påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2, eller etter å ha tatt fagbrev.

Med studiekompetanse har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskule eller universitet. Hugs at nokre studiar, t.d. ingeniør-, realfags- og medisinske studiar, krev at du har visse realfag.