På Amalie Skram har vi ei rekke aktivitetar som saman skal skapa eit trygt, godt og inkluderende elevmiljø
Skulefrukost
Mange av våre elevar starter dagen med ein god frukost i kantina. Dette er eit populært tiltak som gjer god energi til skulearbeidet utover dagen. Skolefrukosten er gratis.
Internasjonalisering
Vi har samarbeid med skular i Italia, Spania, Frankrike, Japan, Kina, Skottland, Østerrike og Tyskland. Vi er også koordinatorskule for utveksling av Vg2 elevar til Skottland.
Les mer om internasjonalisering her.


Skulerevy
Skulerevyen er eit magisk felleskap. Les artikkel fra bt.
Årets Amalie Skram revy
Innsamlingsaksjonen



Elsykler
Skolen har 9 el-sykler som elever kan låne gratis en uke av gangen. Når bestillingen er åpen gjøres dette på sykkel.asvg.no

MOT
Vi er ein MOT skule. Du kan lese meir her.
Skulefest
Skulen pleier å ha skulekonsert om våren. Vi har tidlegare hatt artistar som Kjartan Lauritsen, Dårlig Vane og Razika.



Kafe Diem
Bergen sin beste barista Christian Nesset frå Kaffemisjonen har halde kurs for baristaene i Kaffe Diem i 3. etasje. Utruleg god kaffi i friminuttet?
Ein stad å slå av ein prat med medelevar? Elevar frå programområdet Sal, service og reiseliv driftar kaffibaren vår, som er svært populær.


Studietid
Kvar måndag til og med torsdag etter skuletid har vi studentar som er tilgjengeleg til å hjelpa elevar med skulearbeid. Dei dekker mange fag og byrjar med å servera suppe før arbeidet byrjar.
Studietid er ein av Amalie Skram videregående skole sine satsingsområde. Vi ønskjer at du som er elev hos oss skal førebu deg på å ta ei meir aktiv rolle i di eiga læring, og derfor tilbyr vi fleksibilitet i læringsarbeidet.
Fleksibel studietid inneber at det er tilgjengelege lærekrefter på biblioteket til faste tider, der du kan få hjelp, saman med medelevar, til å jobbe med faga dine.
Strandebarm
Det kan vere litt skummelt å starta på ein ny skule. For at du skal bli betra kjent drar alle elevar på Vg1 til Strandebarm saman med lærarar, rådgjevarar og leiinga.Vi går tur, lærer naturfag, gjennomfører turneringar, og om kvelden har vi underhaldning og har det kjekt.



Volleyball
Vi har volleyballtrening for elever om ettermiddag. Den er til for alle som ønsker det.
Skolen deltar også med skolelag når det er skoleturninger.



Kajakkpadling
Skulen har 16 kajakkar som vi bruker både til kroppsøving og elles for å skapa god arenaer for sosialt samvær.


Amalie Aktiv
I samband med idrettsanlegget har vi eit kjempefint treningssenter på over 200m2. Her kan elevar og lærarar trena, og det er organisert rettleiing og oppfølging.

Faddergruppe
Faddergruppa skal vera med å skapa ein trygg og god start for alle vg1 elevar frå første skuledag på Amalie Skram. Kvar klasse har dei faste fadrane sine.