Hopp til hovedinnhold

Velkomen til biblioteket

Inngangsdøren og glimt av biblioteket

Biblioteket til skulen finn du i 4. etasje. Døra er open heilt til kl. 17:00.

Lånekontrakt

Når du startar på skulen må du underteikne ein lånekontrakt. Er du under 18 år må også føresette underteikne. Du kan då låne gratis skulebøker.

Les låneavtalen for utlån av læremiddel, skuleutstyr, med vidare for elevar i vidaregåande opplæring før du signerer kontrakt.

Signer lånekontrakt for utlån av læremiddel, skuleutstyr, med vidare for elevar i vidaregåande opplæring etter at du har takka "Ja" til skuleplass.

Om biblioteket

På biblioteket kan du gjere lekser, drive gruppearbeid, og lese bøker og teikneseriar. Her finn du fagstoff og kjelder til oppgåver og prosjektarbeid.

Spør bibliotekaren om hjelp til å finne det du treng. Du kan og få litteratur anbefalingar og hjelp til å finne gode kjelder på nettet.

Biblioteket skal vere ein god stad for læring, arbeid, og avkobling. Hald stemmebruken på eit behageleg nivå, og ta omsyn til oss andre.

Biblioteket er eit sosialt rom der det er lov å prate, ete matpakka, spele spel og surfe på nettet, så lenge du respekterer andre, lar dei få arbeidsro, og ikkje minst ryddar etter deg! Då blir biblioteket ein koselig stad å være for alle.

Opningstider

Skulebiblioteket er betent:

Måndag: kl. 08:00 - 15:30

Onsdag: kl. 08:00 - 15:30

Fredag: kl. 08:00 - 15:30

Ellers er biblioteket open frå kl. 07:30 - 17:00

E-lån

E-lån er bøker du kan laste ned til datamaskinen, lesebrettet, nettbrettet eller mobilen din. Det er mest romanar, men også ungdomsbøker og fagbøker. Same bok kan lastast ned til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker.