Medium og kommunikasjon er faget for deg som er kreativ og interessert i å lære om kommunikasjon og bruk av media. Du lærer mellom anna forteljarteknikkar innan tekst, lyd og bilde, og å utforme bodskap. Studietilbodet er treårig og gir generell studiekompetanse.
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene
Kvifor velje medium og kommunikasjon?
Likar du å ta bilde? Sjå og lage film? Likar du å skrive? Er du samfunnsinteressert? Då bør du velje medium og kommunikasjon. Dette er ei kreativ linje der du får jobbe mykje praktisk med medieproduksjon.
Vi lever i ei spennande medieverd som stadig er i endring. Private Facebook-innlegg kan nå avisene sine førstesider og ungdom kan tene store pengar på blogging.
Å forstå medium si rolle i samfunnet er viktig i alle typar jobbar, enten du vel juss, økonomi, leiing, markedsføring, PR, journalistikk eller politikk.
Tar du medium og kommunikasjon utdanningsprogram får du generell studiekompetanse til universitet og høgskular.
+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene
Kva fag kan du velje?
Du vil få 8 timar mediefag pr. år i dei obligatoriske programfaga Mediesamfunnet og Medieuttrykk. I Vg2 kan du velje 4 timar i eit mediefag til, eller eit anna fag i blokk 4.
Vg2-elevar kan velje mellom desse 16 faga:
Fysikk 1, Informasjonsteknologi 1, Kjemi 1, Teknologi og forskningslære 1, Engelsk 1, Japansk I, Markedsføring og ledelse 1, Rettslære 1, Sosiologi og sosialantropologi, Økonomistyring, Bilde, Breddeidrett og Toppidrett.
I Vg3 kan du velje 8 timar mediefag (Bilde og Grafisk design) i tillegg til dei to obligatoriske programfaga, eller to andre fag du måtte ønskje frå blokk 4 og blokk 5.