Hopp til hovedinnhold

Amalie Skram tilbyr faget toppidrett fotball. Faget kan du velje som eit ekstra fag i Vg1. Dette gir 4 ekstra skuletimar pr. veke.

Toppidrett - Fotball

I Vg2 og Vg3 kan du velje faget i kombinasjon med teoretiske fag.

Toppidrett er eit 4 timars (4 klokketimar) programfag som er "lånt" frå programområdet Idrettsfag. Faget kan bli valt av elevar som går på Studiespesialiserande.

Føresetnaden for å kunne søke faget, er at du driv aktivt med idretten. Treninga blir lagt opp i samarbeid med dei lokale fotballklubbane. Opptak til skulen skjer på ordinære vilkår med basis i karakterar.

Sjå læreplan for toppidrett.

Merk at vurderingskriteriane i faget legg stor vekt på idrettslege resultat.