Hopp til hovedinnhold

Tur til Strandebarm

Bilde av elevar som spelar volleyball i Strandebarm

Grunna streiken sist haust blei den årlege turen til Strandebarm for elevane i vg1 avlyst. Dette er ein tur som elevar og tilsette har stor glede og utbyte av, og vi trur at det same vil vere tilfelle ved å arrangere turen no i slutten av vg1.

Vi reiser til Strandebarm i veke 21 (22.-26.mai). Alle har ei overnatting. Vi vil reise puljevis etter følgjande oppsett:

  • Måndag til tysdag: 1sta, 1stc, 1ste
  • Tysdag til onsdag: 1stb, 1stf, 1mka
  • Onsdag til torsdag: 1std, 1stg, 1sth
  • Torsdag til fredag: 1sra, 1srb, 1ima, 1imb


Bussane går frå Amalie Skram vgs klokka 08:15 med retur frå Strandebarm klokka 14:00. Bussturen tar litt under 2 timar.

Kontaktlærarane vil vere med på turen, i tillegg til klassens MOT-coach og representantar frå elevtenesta og leiinga. Det vil til ein kvar tid vere minst 10-12 lærarar til stades.

Aktivitetar

Det vil bli eit aktivt opphald i Strandebarm. Det vil bli samlingar med klassens MOT-coach, volleyballturnering, boblefotball, minigolf og padling i kajakk og SUP-brett. Det er i tillegg gode moglegheiter for å bade. Fleire av aktivitetane vil vere utandørs, så ta med skiftetøy og kler etter vêrmeldinga.

Dag 2 vil vi gå ein fjelltur. Her er det ulike løyper ein kan velgje mellom.

Måltid på sportellet

Dag 1: Lunsj, frukt og middag

Dag 2: Frukost og nistepakke til turen

Pakking

  • Treningstøy, turutstyr avhengig av vêret (gode sko), innesko, badetøy og toalettsaker.
  • Ta med ein liten tursekk til fjellturen (til å ha niste i, samt eventuelt ekstra kler ein kan ha behov for avhengig av vêret).
  • Romma er utstyrt med sengeklede og handkle, men det kan vere lurt å ta med eit ekstra handkle dersom ein vil bade.

Påmelding

Meld deg på i følgjande lenkje:

Påmelding til tur Strandebarm

Det blir påmelding på nett, og lenkja til påmelding vil bli sendt på sms til elevar og føresette. Der er det også moglegheit til å notere spesielle behov, allergiar eller sjukdommar vi må ta omsyn til. Det er også lurt å orientere kontaktlærar direkte om dette. Frist for påmelding er 10.05.23

Ansvar – tilsyn

Når det gjeld sikkerheit og ansvar, følger vi Vestland fylkeskommune sin reglement for elevturar.

Reiseleiarane tek berre på seg ansvar og tilsyn som svarer til det lærarane har i undervisnings-/ skulesituasjonen, med den tillemping som er nødvendig og naturleg i samband med ekskursjonar/elevturar. Det er ein klar føresetnad at deltakarane tar nødvendig medansvar for eigen sikkerheit/situasjon. I deltakaranes fritid etter at programmet for dagen er slutt, har reiseleiarane ikkje noko ansvar ut over vanleg omsorg og ansvar som vaksne menneskjer tek på seg, jfr. det som står under samt reglement.

Under reiser og under dei obligatoriske programma gjeld skulereglementet så langt det passar. Det presiserast at deltakarane skal møte til avtalte tider. Det vert særskilt framheva at det er forbod mot å vere påverka av eller å inneha rusmidlar. Brot på denne regelen medfører at eleven vert sendt heim. Det er også underforstått at deltakarane ikkje må handla på ein slik måte at det kan skade skulens omdømme.

Forsikringar

  1. a) Deltakarane er ved personskade berre under visse vilkår dekkja av den offentlege yrkesskadetrygda.
  2. b) Vestland fylkeskommune har som arbeidsgjevar berre teikna ei mindre kollektiv ulykkesforsikring (billighetserstatning) for elevane.
  3. c) Kvar enkelt deltakar har sjølv ansvar for eventuelt å teikne eigen reise-/ulykke- og tapsforsikring/tilleggsforsikring (dersom dette ikkje er dekkja av tilsvarande generell forsikring/familieforsikring).

Lars Berntsen                                                     Grete Rye

Rektor                                                                  Leiar elevtenesta/rådgjevar