Biblioteket til skulen finn du i 4. etasje.
Lånekontrakt
Når du startar på skulen må du underteikne ein lånekontrakt. Er du under 18 år må også føresette underteikne. Då kan du låne gratis skulebøker.
Les låneavtalen for utlån av læremiddel, skuleutstyr, med vidare for elevar i vidaregåande opplæring før du signerer kontrakt.
Signér lånekontrakt for utlån av læremiddel, skuleutstyr, med vidare etter at du har takka "Ja" til skuleplass. Ta ein skjermdump av sida som viser at du har signert lånekontrakten. Du vil motteke ein e-post som bekreftar signert lånekontrakt. Denne skal du vise til bibliotekar ved utlån av bøker. Dersom du ikkje mottar e-posten, kan du vise skjermdumpen du tok på mobilen.
Lånekontakt må vere utfylt for å få lånt bøker.
Tidspunkt for bokutlevering ved skulestart 2026:
- 17. august kl. 10:00, Vg2 studiespesialisering og medium og kommunikasjon
- 17. august kl. 12:30, Vg3 studiespesialisering
- 18. august kl. 10:00, Vg3 påbygg
- 18. august kl. 10:30, Vg2 yrkesfag
- 18. august kl. 11:45, Vg3 medium og kommunikasjon
- 18. august kl. 12:30, Vg3 studiespesialisering (3STG og 3STH)
- 18. august kl. 13:30, Vg2 studiespesialisering (2STF, 2STG, 2STH) og medium og kommunikasjon
- 19. august kl. 08:30, Vg1 sal, service og reiseliv
- 19. august kl. 10:00, Vg1 studiespesialisering og medium og kommunikasjon
- 20. august kl. 08:30, Vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon
