Hopp til hovedinnhold

Bokutlevering

Biblioteket til skulen finn du i 4. etasje. 

Lånekontrakt

Når du startar på skulen må du underteikne ein lånekontrakt. Er du under 18 år må også føresette underteikne. Du kan då låne gratis skulebøker.

Les låneavtalen for utlån av læremiddel, skuleutstyr, med vidare for elevar i vidaregåande opplæring før du signerer kontrakt.

Signér lånekontrakt for utlån av læremiddel, skuleutstyr, med vidare etter at du har takka "Ja" til skuleplass. Ta ein skjermdump av sida som viser at du har signert lånekontrakten. Du vil motteke ein e-post som bekreftar signert lånekontrakt. Denne skal du vise til bibliotekar ved utlån av bøker. Dersom du ikkje mottar e-posten, kan du vise skjermdumpen du tok på mobilen. 

Lånekontakt må vere utfylt for å få lånt bøker.  

Tidspunkt for bokutlevering ved skulestart: 

  • 18. august kl. 10:00, Studiespesialiserande og Medium og kommunikasjon Vg2
  • 18. august kl. 12:15, Studiespesialiserande Vg3

  • 19. august kl. 10:00, Påbygg Vg3
  • 19. august kl. 10:15, Yrkesfag Vg2
  • 19. august kl. 13:15, Studiespesialiserande (3STG og 3STH) og Medium og kommunikasjon Vg3

  • 20. august kl. 08:30, Sal, service og reiseliv Vg1
  • 20. august kl. 10:00, Studiespesialiserande og Medium og kommunikasjon Vg1
  • 20. august kl. 15:00, Informasjonsteknologi og medieproduksjon Vg1