Hopp til hovedinnhold

Annullering av eksamen 22. mai 2023

Karakterar på eksamen i norsk hovudmål 22. mai blir kunngjort i VIS tysdag 20. juni innan kl. 17:00. Du vil finne karakteren i VIS under Vurderingar - Eksamen. Skulen vil sende sms når resultatet er klart. Om du ikkje har fått sms innan kl. 17:00 tysdag 20. juni må du likevel logge deg inn i VIS for å sjekke karakteren.

Har du søkt om annullering av norsk eksamen?

Du kan framleis velje om du vil ha karakteren frå norskeksamen eller annullering/dispensasjonsvedtaket på vitnemålet ditt.

 

Ønskjer du å bruke karakteren frå hovudmålseksamen på vitnemålet?

Då må du gi beskjed til skulen din på lenken du har fått på SMS, senest onsdag 21. juni kl. 18:00. Det er ditt ansvar å gi beskjed. Dersom skulen ikkje høyrer frå deg, vil vi føre annullering/dispensasjonsvedtak på vitnemålet ditt.

 

Ønskjer du å ha annullering/dispensasjonsvedtak på vitnemålet

Du treng ikkje å gjere noko om du har søkt om annullering og framleis ikkje vil ha karakteren på vitnemålet.

 

Når løner det seg å behalde karakteren?

Om karakteren du får på eksamen er høgare enn karaktersnittet på vitnemålet ditt, løner det seg å ha med eksamenskarakteren på vitnemålet, i staden for annulleringsvedtaket.

 

Du kan lese om korleis du kan rekne ut snittet ditt på denne sida. https://www.samordnaopptak.no/info/opptak/opptak-uhg/poengberegning/index.html

(Det er uttrykket «karakterpoeng» du skal sjå på når du  reknar ut snittet ditt.)

 

Resultat frå andre eksamenar

Resultat frå dei andre skriftlege eksamenane dine blir klare innan 21. juni kl. 17:00.