Hopp til hovedinnhold

Sal, service og reiseliv

Gymsal med mange elever. Bilde tatt fra konkurranse Ungt Entreprenørskap.

Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velja Sal, service og reiseliv ved Amalie Skram vgs?

På Amalie Skram vgs får du ei moderne og praksisnær utdanning innan sal, service og reiseliv. Vi kombinerer solid yrkesteori med tett oppfølging og mykje praktisk erfaring, slik at du er godt førebudd på både læretid og arbeidsliv.

Praksis frå første år
Allereie på Vg1 har du praksis i bedrift éin dag i veka. På Vg2 har du 9 timar yrkesfagleg fordjuping kvar veke. Dette gir deg verdifull erfaring, relevant kompetanse og gode kontaktar i bransjen.

Tett samarbeid med næringslivet
Vi samarbeider med lokale bedrifter innan handel, service, reiseliv, sikkerheit og administrasjon. Dette gir opplæring som er relevant og oppdatert – og gode moglegheiter for læreplass.

Engasjerte og erfarne lærarar
Lærarane våre har brei erfaring frå arbeidslivet og legg vekt på praktisk læring, samarbeid og realistiske arbeidsoppgåver.

Fokus på entreprenørskap og innovasjon
Du får utvikla kreativitet og forretningsforståing gjennom arbeid med marknadsføring, berekraft og utvikling av eigne idear og konsept.

Eit inkluderande og mangfaldig skulemiljø
Amalie Skram vgs har eit stort og mangfaldig elevmiljø. Her lærer du å samarbeide med menneske frå ulike kulturar og bakgrunnar – ei viktig styrke i service- og reiselivsnæringa.

Vg2 Sal, service og reiseliv (nytt frå august 2026)

Vg2 Sal, service og reiseliv gir kompetanse innan marknadsføring, økonomi, administrasjon, tryggleik og berekraftig forretningsdrift. Elevane lærer å utvikle og marknadsføre produkt og opplevingar, planleggje arrangement, gjennomføre sal og byggje profesjonelle relasjonar med kundar og samarbeidspartnarar.

Programfaga er:

  • Økonomi og administrasjon (fagnavn ikkje endeleg fastsett)
  • Marknadsføring og kommunikasjon (fagnavn ikkje endeleg fastsett)
  • Helse, miljø og sikkerheit (fagnavn ikkje endeleg fastsett)

Utdanninga kombinerer teori og praksis og legg vekt på kommunikasjon og service, sikkerheit og beredskap, berekraft, digitale ferdigheiter og økonomisk forståing – ferdigheiter som er etterspurde i arbeidslivet.

 

Dette kan du bli etter Vg2 Sal, service og reiseliv

Etter Vg2 og to år i lære kan du ta fagbrev i eit av desse lærefaga:

  • Salgsfaget – jobbe som salgsmedarbeidar i butikk eller handelsbedrift
  • Reiselivsfaget – jobbe i reiselivsbransjen, som hotell, turoperatør eller attraksjonar
  • Service- og administrasjonsfaget – jobbe med administrasjon og kundeservice i ulike verksemder
  • Tryggleiksfaget – jobbe med tryggleik, beredskap og sikkerheit

 

Med fagbrev får du ein trygg inngang til arbeidslivet og verdifull erfaring i service-, sal- og reiselivsnæringa.

 

Les meir om å bli lærling

Tredje år

Med utdanningsprogrammet Sal, service og reiseliv kan du etter to år på skule velje mellom to ulike løp:

  • To år med opplæring i bedrift som fører fram til fagbrev

  • Eitt år med påbygg til generell studiekompetanse

Vel du påbygg, får du studiekompetanse og kan søkje vidare utdanning ved universitet og høgskule.

Har du spørsmål?

Ta kontakt

 

Linda Therese Myklebust

Avdelingsleiar yrkesfag
Linda 2.2.jpg

Vegen vidare

Når du har fullført utdanningsprogrammet, får du yrkeskompetanse og kan ta fagbrev.

Vidare utdanning

Med fagbrev kan du:

  • ta høgare yrkesfagleg utdanning, til dømes fagskule eller Y-vegen

  • ta Vg3 påbygg til generell studiekompetanse – anten etter Vg2 eller etter at du har tatt fagbrev

Med generell studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning ved høgskule eller universitet.

Ver merksam på at nokre studium, til dømes innan ingeniørfag, realfag og medisin, har krav om bestemte realfag.