Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Elever på biblioteket

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Kvifor velje påbygg?

Påbygg er vegen vidare til høgare utdanning. Tilbodet passar for deg som er motivert og ønskjer å ta opp att dei teoretiske faga for å oppnå generell studiekompetanse.

Før du kan starte på vg3 påbygg til generell studiekompetanse, må du ha fullført eitt av desse alternativa:

  • vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram

  • vg1 studieførebuande utdanningsprogram og vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram

  • Yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev

Merk at søkjarar med ungdomsrett blir prioriterte.

Kva er påbygg?

Påbygg er eit eittårig tilbod for deg som har gått yrkesfag i vidaregåande opplæring, og som ønskjer generell studiekompetanse.

Ved Amalie Skram vidaregåande skule har vi éin klasse med 30 elevar på vg3 påbygg til generell studiekompetanse.

Målet med påbygg er å kvalifisere deg til vidare studium ved universitet og høgskular.


Fagval

På påbygg har du desse fellesfaga:

  • norsk
  • historie
  • matematikk
  • naturfag
  • kroppsøving

I tillegg skal du velje minst eitt programfag (140 årstimar) frå utdanningsprogrammet for studiespesialisering. Du kan velje fag innan:

  • realfag
  • språk
  • samfunnsfag
  • økonomiske fag

Elevar på vg3 påbygg skal som hovudregel velje eitt fag frå blokk 2 eller blokk 4 i blokkskjemaet. 


Opptakskrav

For å søkje vg3 påbygg må du ha:

  • fullført og bestått vg1 og vg2 frå eit yrkesfagleg utdanningsprogram
    eller
  • oppnådd yrkeskompetanse, med eller utan fag- eller sveinebrev.

Søk skuleplass