Vi har glede av å invitere elevar frå Amalie Skram vgs. Vg1 og Vg2 studiespesialiserande og medium- og kommunikasjon til Språkfestival 26. september i anledning Den Europeiske språkdag!
Språkfestivalen er eit samarbeid mellom Amalie Skram videregående skole, Institutt for fremmedspråk (IF) ved Universitetet i Bergen og Fremmedspråksenteret ved Høgskolen i Østfold som eit ledd i arbeidet med å gjere viktigheita av framandspråk synlegare.
Vi begynner kl. 09:15 i Hans Tank auditorium. Det blir ein innhaldsrik dag med både innspel frå næringslivet og utdanningssektoren. Ein får moglegheit til å gå på stands (på skolen), møte internasjonale matretter, musikk og aktivitetar. Elevane blir oppfordra til å komme i folkedrakt.