Hopp til hovedinnhold

Første skuledag

Bilete av elevar som går til skulen.

På denne sida finn du informasjonen du treng til første skuledag på Amalie Skram Vgs.

Første skuledag

Første skuledag er torsdag 15. august 2024 for alle elevar på skulen. Elevar som har takka "Ja" til tilbod om skuleplass, vil få ein SMS før skulestart frå Vestland fylkeskommune med informasjon om aktivering av skulekonto. Nedlasting av Office pakken og andre programvarer blir gjort på skulen etter skulestart. Hugs å ta med eigen lås til bokskap før du låner bøker. 

Elev-pc (datamaskin)

Datamaskina er eit nødvendig verktøy for deg så lenge du er elev i Vestland fylkeskommune (Vlfk). Du vil bruke maskina i undervisninga, og har sjølv ansvar for å stille med berbar datamaskin til skulestart. Elevar kan bruke eiga maskin, eller kjøpe subsidiert elev-PC gjennom leverandøren til Vlfk. Sjå kva datamaskin vi anbefaler til enkelte utdanningsprogram: Elev-pc Asvg

Låneavtale og kontrakt for bøker og anna utstyr

Hugs å signere lånekontrakt for utlån av bøker og anna utstyr før skulestart. Les først låneavtala for utlån av bøker og anna utstyr, før du signerer lånekontrakten. Hugs å ta med eigen lås til bokskap før du låner bøker.  Lenke til låneavtalen og kontrakt: Utlån av bøker og anna utstyr

Utstyrsstipend hos Lånekassen

Elevar kan få utstyrsstipend av Lånekassen til å dekke utgifter ved kjøp av utstyr. Sjå nettsida til Lånekassen for meir informasjon: Utstyrsstipend 

Skuleskyss

Elevar i videregående opplæring kan i enkelte tilfelle ha rett til gratis skuleskyss. Sjå krav og fremgangsmåte for å søke på nettsida til Skyss: Skoleskyss i vidaregåande opplæring

Fotografering

Det blir tatt portrettbilete av nye elevar fredag 16. august for Vg2 studiespesialisering, Vg2 medier og kommunikasjon, og Vg2 yrkesfag. Oppmøte 2. etasje - det er drop in. Mandag 19. august blir det tatt portrettbilete av Vg1 elevar i studiespesialisering. Tirsdag 20. august blir det tatt portrettbilete av Vg1 yrkesfag. Sjå tid for Vg3 i oversikta under. Oppmøte ved heis i 2. etasje.

Program første skuledag (torsdag 15. august)

Studiespesialisering vg1 + Medier og kommunikasjon vg1

Kl. 08:30 Oppmøte i Hans Tank auditorium. Trinninformasjon med leiinga, elevtenesta og elevrådsleiar. Lengd ca. ein time. Deretter i klasserom med kontaktlærar.

Kl. 11:00 Besøk av årets Amalie Skram fadrar (bli kjent leikar og omvising).

Studiespesialisering vg2 + Medier og kommunikasjon vg2 

Kl. 09:30 Møte i klasserommet med kontaktlærar.

Kl. 10:00 Klassevis bokutlevering.

Kl. 12:30 Trinninformasjon med leiinga, elevtenesta og elevrådsleiar. Lengd ca. en time. Deretter i klasserom med kontaktlærar.

Studiespesialisering vg3 + Medier og kommunikasjon vg3 + Påbygg vg3

Kl. 10:30 Møte i klasserommet med kontaktlærar.

Kl. 12:00 Fotografering av påbyggsklassen.

Kl. 12:15 Klassevis bokutlevering studiespesialisering.

Kl. 12:30 NB! Fotografering av nye elevar - Drop in - heile dagen. Sted: 2. etasje.

Salg, service og reiseliv vg1 + Informasjonsteknologi og medieproduksjon vg1

Kl. 09:30 Oppmøte i Hans Tank auditorium. Trinninformasjon med leiinga, elevtenesta og elevrådsleiar. Lengd ca. en time. Deretter i klasserom med kontaktlærar.

Kl. 11:15 Besøk av årets Amalie Skram fadrar (bli kjent leikar og omvising).

Salg og reiseliv vg2 + Service, sikkerhet og administrasjon vg2 + Informasjonsteknologi vg2 + Medieproduksjon vg2

Kl. 11:15 Oppmøte i Hans Tank auditorium. Trinninformasjon med leiinga, elevtenesta og elevrådsleiar. Lengd ca. en time. Deretter i klasserom med kontaktlærar.