Aktivitetar i desember før juleferie 2025
Måndag 15. desember:
Utdeling av lussekattar til elevane frå Elevrådsstyret og Unge motivatorar.
Julemesse for ungdomsbedrifter i fellesareal 2. etasje, ved elevkantine kl. 11:00 - 12:30.
Tysdag 16. desember:
Innsamlingsaksjon Bring Children From Streets (BCFS). Aksjonsdag og undervisningsfri. Les meir om BCFS: Bring Children From Streets
Onsdag 17. desember:
Julesongkonkurranse for Vg2 klasser i fellesareal 2. etasje, ved elevkantine kl. 11:00 - 13:00. Framandspråklassene deltek med julesong på sitt framandspråk.
Torsdag 18. desember:
Realfagsdag for Vg1 klasser i Hans Tank auditorium, besøk av næringslivet og utdanningssektor kl. 12:00 - 15:15. Bedriftene skal ha stand i vrimleareal utanfor Hans Tank i løpet av dagen. Elevane går tilbake til sine klasserom for undervisning kl. 15:15.
Fredag 19. desember:
Juleavslutning. Elevane møter kontaktlærar på oppsett klasserom kl. 09:00. Dei går saman til Skramhallen for juleavslutning. Juleavslutninga er frå kl. 10:00 - 11:00.
